Namsos bys Historielag

Namsosgater

Søren Reiersen Thornæs slekthistorie

 

Slektshistorie

Marius Sandvik: Søren Reiersen Thornæs 

En tornesgut sin lagnad og litt om ætta hans
(kilde: Gammalt frå Fræna 1985 s 142-151)

Dette er Marius Sandviks fremste  artikkel, publisert i regi av  Fræna Sogelag. Hans historiske arbeid preges av grundighet og langvarige dybdedykk. I motsetning til mange bygdelagsgranskere ville han ikke gi ut stoffet før han med handa på hjertet kunne bedømme, hadde nådd til bunns i sakstoffet. På den annen side betraktes hans artikler som solide referansedokumenter.

 

Med at den ”profesjonelle” slektgranskeren Johan Julnes  nylig ble ansatt av Fræna kommune for å skrive bygdebok, kan en endelig skimte vokster og giv i furene  etter sogelagsveteraner som  Hans Haukås og i dette tilfellet, den yngre respekterte etterfølgeren, Marius Sandvik som naturligvis har sitt virkeområde i Hustad krets av Bud prestegjeld. Jeg har korta litt ned omstendelige vendinger og modernisert språket varsomt.

Det begynte med at min gamle ven, Håkon Håland, ein gong for lenge sia kom til meg og spurde om eg ikkje ville sjå etter slekta til ein ven av han, Ellen Joramo. Etter namnet skulle den være her ifrå. Vi var då akkurat inne i ei hektisk tid med samlearbeid til bygdeboka, men eg lova han at eg skulle sjå på det med tid og stunder. Tia blei heller lang, men for et par år sia tok eg oppatt tråden, som slett ikkje ville la seg nøste så alt for lett. Det verste med kjeldane her frå Vågøy sokn var at det mangla det meste av kyrkjeleg stoff før 1785, og då blir hjelpekjeldane meir vektuge enn det ein helst vil like.

Søren Reiersen Thornæs var født den 31.12.783 på garden ”Pedersgarden” i Nedre Tornestunet, i Vågøy sokn og tinglag. Far hans Reier Ellingsen Rødal hadde teke over bruket med 2 pund og 15 marklag etter ein lars Tornes som i 1781 ga opp bruket. Reier Ellingsen hadde tidlegare farsgarden i Rødalen som han tok over i 1776 etter faren sin Elling Olsen.

Elling Olsen var født på Eidem 1694 og sonen til Ole Andersen Eidem som var 50 år etter manntalet i 1701. Den første kona til Elling heitte Mali Trondsdatter og var truleg frå Rødalen. Mali døydde i 1750 og etterlet seg tre barn: Ole og Lasse Ellingssønner og Ingeborg Ellingsdotter. Elling gifte seg oppatt etterpå med Jertru Reiersdtr., truleg frå Rødset. Dersom dette var mogeleg, var ho frå første giftemålet til Reier Olsen Rødset. Reiernamnet var ein institusjon i Frænå og held seg til få familier og krinsar rundt Rødalen, Rødset og Ukkelberg, (i eldre tid Hukkelberg).  Mora til Søren var ei hardare nøt, då det ikkje er skifte å finne som måtte passe. Men truleg var ho frå ein annan familie, nemleg Rødsetremmen på Rødset. Der var det ei som var nokolunde av same alder som Reier Ellingsen, og ho heitte Gjertud Knutsdtr. Søren blei konfirmert i Vågøykyrkja den 19. søndagen etter trinitatis, 19 okt 1800. I teljinga 1801 var han heime hjå far sin sammen med søstra Jertru født 1789 og dotter til eldste broren Ole, Ellen Olsdtr. født i 1798.

Lærarutdanninga hev han truleg fått etter denne tia og helst hjå presten Andreas Høiem på Aukra, då han hadde berre dei allmenne krava til utdanning, som i hovudsak var Pontoppidans forklaring. Det veit vi av rapporten som vikarpresten i Bud skreiv i 1804, så Søren blei tilsett som lærar i Hustad. Motzfeldt som denne heitte, dreiv med betring av skulestandarden i gjeldet og hadde begge lærarane i soknet i ekstraskule. Hans Male i Bud og Søren Reiersen i Hustad, der han begynte den 2. juli 1804. Det var ingen skulehus i prestegjeldet, og dirfor blei det for læraren å dra rundt med skreppa. Så Søren var i Hustad, var det ikkje så heilt enkelt å komme til Bud på undervisning, men han hadde eit godt hovud, så det ser ut til at han hev teke til seg mest mogeleg på den stutte tia. Vi vil gjerne nemna at det var skriving, historie og rekning det blei undervist i. Peter Olivarius Bugge som hadde teke over bispeembetet i 1803, gjev Søren ein god attest i rapporten sin i juli 1807. Han sa at ”Søren som  skriver en god haand og gjør sig meget umage med undervisningen, samt at han hadde tatt en del elever i ekstraskole med skrivning og regning, så at ungdommen kunne ta seg tieneste hos kjøbmenderne i byerne”. Biskopen gjev og skulehaldarane ros for den gode standard i skulen og levner ikkje presten Lohmann noko ære, då han berre er ein bondegut frå Fyn.

Ei anna side med Søren Reiersen var hans gode og folkelige framferd og hans gode dikteriske gåve. Ved sia av var han nok ein habil songar, da han ga ut boka ”Sang Chor” i 1806, medan han var på Hustad. Ved fotnote der er det skrive ”Torneses Sangchor”, som må være det første kjende sangkoret i Romsdal Futedøme, i alle fall på bygda.  Søren blei ikkje lenge lærar, og etter visitasen av Bugge i juli, må han ha slutta kort etter og byrja som skrivekar hjå futen Cølln på Molde. Den to år eldre bror hans, Knut Reiersen var då der i tjeneste, og det var kanskje grunn til at Søren reiste. Knut byrja like etter i tollvesenet og blei 20.02.1808 tollbetjent med 60 riksdalar i løn. Den to år yngre broren Elling hadde og i same leitet teke tjeneste hjå proprietær Møller på Moldegård. Dei var nå tre brødre samla der og frå tidlegare onkel deira, Trond Ellingsen også  der.

Vi veit i grunnen svært lite om tia på Molde. Futen Cølln slutta i 1810, men Søren heldt fram  under etterfølgjarane  som berre var vikarar. Dei mest kjende var Bull og kaptein Klingenberg på Indre Aarøe. Den siste hadde den lengste tia. Søren var truleg på Molde til bortimot 1813, då han skreiv seg inn ved universitetet i Kristiania. Dette hadde kome i gang rundt 1812 etter vedtaket i 1811. Universitetsvedtaket medførte  stor glede, då især blant dei som satt ein del høgare på strå. Om Søren melde seg inn av eiga vilje, eller om det var Klingenberg som skuva på, veit me ikkje. Men at han hadde god hand om det heile, var nok rett. Søren hadde tenkjeleg ikkje artium, men det var i staden greit å gå opp til prøve for to professorar. Det var tenkjeleg han gjorde dette, og at han studerte under prof.dr. phil. R. Falk.

Om vi veit lite om tida i Molde, veit vi mindre om studietida. Det var inga lister over studentane før i 1816, og då tok Søren eksamen med dei beste karakterar. Ein mann av embets- eller borgarstanden ville no ha hatt banen klar, med det var nok ikkje så lett for småkårsfolk som Søren. Men han fekk vere prøveprokurator i Nordre Trondhjems Amt, og blei med god hjelp overrettsprokurator same staden 21.12.1818 med bustad i Grong. Søren R. gifta seg i Overhalla 4 nov 1818 med eldste dotter til Gabriel Christophersen Bjørum og kona Ingeborg Samuelsdtr. f. Vibstad, nemleg Karen Margrethe f. 5 apr 1796. Dei busette seg i Grong til han tok over garden etter svigerfaren 2 jan 1819.

Det fyrste barnet Georg Reinert blei født 20 jul 1820. Han blei konfirmert i Sævik kyrkje 11 okt 1835. Han vå tidleg ha søkt sjøen som leveveg, då han i oktober 1853 vart notert som bestmann om bord i ”Segeline” Vid sia av vikarierte han som innrulleringsbetjent og losoldermann. Vi vil og nemne at han var med skonnert ”Svanen” i 1855, då som kjentmann. I 1865 førde han jakta ”Freien”. Arne Mørkved fortel i ”Namdalsslekter” at Georg var  ein fredeleg mann med god og stillferdig framferd. Han for rundt som fiskekjøpar. Georg hadde sonen Johannes f 1 sep 1851 på Heggem i Grong med Serianna Jonasdtr. Heggem. Han blei vigd 7 mar 1852 til Ingebrog Evensdtr. Esp frå Melhus. Ho var født på Leinstrand i 1820. Dei fekk først Emma Margrethe i 1852 den 25 nov og barnet blei døypt i Vemundvik kyrkje. Ho døydde den 29 jun 1855, og faren var titulert som gjestgjevar i Namsos. Ingeborg hadde fleire born, men dei døydde sers unge, og til slutt hadde han berre Johannes att. Under teljinga i 1875 budde han i Meyersgt. 129 i 1. etg. Og då dreiv han som fiskar.

Det andre barnet Gerhardine Juditha blei født 20 nov 1821, og ho blei konfirmert i Sævik kyrkje 17 sep 1837. Gerhadine hadde i 1850 sonen Fridtjof Eugen, født 24 apr med skipsførar C. Hansen frå Kristiansund. Året etter den 20 sep blei ho vid til orgelbyggjaren Olof Krantz frå Helsingland i Sverige. Han var født rundt 1824. Orgelet i Sævik bli bygd av han. Det skulle være nokså hardt i tonen, men det svikta ikkje om det var regn eller frost. Geraldine og mannen hennar  hadde to born. Fyrste Johan Julius Krantz født 11 nov 1851. Andre barnet Kaia Sørine blei født 15 des 1852, og konfirmert 1868.

Faren Søren Reiersen gjekk konkurs i 1844, og på tvangsauksonen kjøpte Anders Havik garden for 1020 speciedalar. Nokså snart selde han igjen til sorenskrivar Wangensteen. Gerhardine tok så att garden i 1849 ved odelssøksmål, og fekk skøyte på garden 23 ul for 200 spd. Men dette varte ikkje lenge, for allereie den 18 okt 9 1852 var garden igjen under hammaren. Den blei nå kaupt  av Nils Bjørum og handelsmannen Christian Bjørum. No blei garden delt og skyldsett 24 mai 1853. Gerhardine flytta no til Namsos der ho m.a.sette i gang med bakelsbaking. Ho var der fortsatt i 1875. Johan Julius var no begynt i tollvesenet. I 1880 var han i Mosjøen. Karia Sørine reiste i 1878 til Vefsn, der ho gifta seg med bokhandlaren Sivert Martinus Sivertsen frå Sunnmøre. Dei hadde saman 10 born. Johan Julius vart tolloverbetjent i Mosjøen, og i 1881 var han i Namsos på vitjing samman med kona og eldste sonen Alf. Etterpå flytta Gerhardine også til Mosjøen, der ho starta kafé og konditori.

Det tredje barnet var Caroline Theodoa Emilie som blei født på Bjørum 10 nov 1824, og blei konfirmert i Sævik kyrkje 10 nov 1839. Det er lite vi veit om ho, for ho var i Molde i 1847 og då blei vigd til skipsførar David Monrad Kaasbøel født 12 apr 1812 på Hitra. Han var son til sorenskrivaren i Hemne. Dei blei buande på Molde dei neste åra av ekteskapen. Det første barnet deira var Søren Lauritz som blei født 26 sep 1848 med som døydde allereie 14 jun 1850.

Det fjerde barnet var Carl Dagmar som blei født 20 mai 1850. I året 1852 hadde dei ein ny son Søren Lauritz, men også han døydde som liten 23 aug 1852. Den siste av Kåsbøelbarna vi kjenner var Kaja Margrethe født i Molde 11 okt 1853. Skipsførar Kaasbøel må ha døydd eller omkom utanfor Molde, då eg ikkje finn  noko dødsfallregistrering på han. Dette må ha skjedd før 1864, då Carline var enkje i Namsos i 1865, Hå hadde men enkjemannen malarmeister Carl Johan Vold ei dotter som var fødd 23 Aug 1864 i Namsos. Desse har ikkje latt seg spore seinare, så eg tek det for gitt at dei flytte frå staden. Namnet på dottera var Lovise Charlotte Vold.

Det femte barnet var Gjertine Lovise Christine født i Bjørum 17 nov 1826, konfirmert  den 14 nov 1842 i Sævik kyrkje. Hennar lagnad veit vi særs lite om. Vi veit at ho var hjå den gifte søstra si i Molde 1850 til 1852. Ho deltok då i ei rekkje dåpshandlingar der.

Det sjette barnet var Oluf Strand. Han blei født på Bjørum 29 jun 1829. Han døydde eit par månader etter at heimedåpen var stadfest. Barnet var sjuk heile tida.

Det sjuande barnet var Laura Petra som blei født på Bjørum 9 apr 1831, konfirmert i Vemyndvikkyrkja 19 okt 1845. Ho var saumutdanna og levde av å sy til folk i Namsos. Ho var til stades i Molde 1852 og vitja søstra. Ho fekk ein son med styrmann Johan Petter Calmeyer frå Drammen. Guten heite Carl Sigurd født 18 jun 1860 i Namsos. Han var nett 10 år gammal dp mora døydde frå han 1 okt 1870 på Namdal sjukehus. Han blei då aleine i verda, og lagnaden hans kjenner vi ikkje.

Det åttande barnet  og det siste av Søren Reiersen sine born var Knut Adelsteen som blei født på Bjørumde 9 aug 1834. Konfirmert 1849 i Ranum kyrkje i Overhalla. Rett ung starta han som sjømann og var det heile livet. Han var matros på fleire kjende skuter. Han vart vigd 13 jan 1856 med ei smeddotter frå Trondheim, kalla Anne Kristine Heltberg, født 1828. Dei hadde fleire born, og nokre kjenner vi til. Den eldste var Caroline Augusta f. 2 des 1856 i Namsos og døypt i Vemundvikkyrkja 18 mai 1857. Den neste vi veit om var Sverre Vilhelm født 2 okt 1858, i folketeljinga 1865 registrert som sjømann. Tredje barnet var Anna Marie f. 20 jun 1864 i Namsos døypt Vemundvik den 27 juli same året. Høo døydde ung, og vart gravfest 10 des 1875l Anna Kristine dreiv med vask i 1875. Under teljinga 1900 var ho enkje i Hamnegata i Namsos og budde saman med dottera Alethe født i Namsos 1869. Ho tente i betrestilte heimar med vask og saum.

Så attende til Søren Reiersen og Karen. Her finst fleire biografiar. Etter at han slege seg til på Bjørum, vart konstituert fut i Namdal 1823 og 1824. Praksisen var ikkje overvettes, og innkomet anstrengt. Han gav privattimar til vordande juristar, men dette var ikkje noko levebrød. Han var ein dugande jurist og vann fleire krevjande saker, m.a. for ei Namsos-enkje mot stiftsdireksjonen. I Åstadesaka 1819, som han vann,  gav han avkall på salær, av di klienten var ubemidla. Å ha hjartelag er ein ting, å praktisera som prokurator ein annan. Verre var det at han søkte alle dei embeta han kunne utan å få eit einaste napp. 1850 til 1852 budde han i Molde og averterte advokattenester i Romsdals Budstikke. Uklårt om det vart kontantar av dette. Han var konstituert sorenskrivar i Namdal 1826-27 og våren 1841, men det endte i konkurs 1844, heimlaus og med små born. Men han var ikkje rådlaus og flytte 1854 til Namsos. Her vart det ein tarveleg levemåte for den gåverike juristen som døydde 1875.  Kona flytte då til sonen Severin i Ålesund der ho døydde i 1881.

Skrivekunne og songargåve gjekk følgde slekta. Sonen til Georg, Johannes som var sjømann og tollar i Namsos, var tolloppsynsmann fleire stader. Kona med etternamn Nemitz  som frå ei tysk ætt i Tromsø. Dei hadde heile ti born. Johannes hadde ein son, Hermann Johannes. Han var det åttande barnet i rekkja. Han var ein stor talar, redaktør av Namdal Arbeiderbland og første AP-ordføraren i Namsos. Ein seinare ordførar her var som til Hermann si eldre søster, Agnes. Han og redaktør av Namdal Arbeidarblad.

Ei anna grein eg kjenner litt til er ætta til Gerhardine som flytte til Namsos. Johan Julius følgde familietradisjonen og byrja i tollvesenet. Kaja gifta seg med forretningsmannen Sivert Marthinius Sivertsen, født på Sunnmøre 17 des 1852, men vart forretningsmann i Vefsn. Kaja og Sivert var eit lukkeleg par. Dei hadde saman 10 born, teikn på rikdom i dei tider. Eldste barnet Agnes flytte til Senja, der og mor hennar var på gamle dagar. Agnes var bestemor til Ellen Joramo. Det yngste barnet Aasmund var far toø Låre Marthinus Sivertsen, innkjøpssjef for Mosjøen Aluminum.

Til slutt
vil vi nemne nokon av dei som blei att her i bygda på Tornes i Fræna. Eldste broren til Søren, Ole tok over etter far sin i byrjinga av 1800-talet. (Konferer på dette punkt med verftsområdet ”Moldenæset” i min egen resensjon om husmannsplassene på Moldegård, som er gjengitt annetsteds på ”Pers Hjemmesider”).

Vi veit at Ole Reiersen var gift to gonger, men nøyaktig kor mange born han etterlet seg er ukjent. Dei vi kjenner, var Gjertud Olsdtr. født i 1811 og som døydde 1826, Reier Olsen født 1814 og døydde 1827. Rasmus Olsen f. 29 jul 1818 og med ukjend lagnad og til slutt Ingebrog Olsdtr. født 18211. Ingeborg blei 22 jun 1841 gift med Søren Christophersen Tornæs. Dei hadde borna Christopher (25 år), Johan (17 år) og Ingeborg (14 år). Ingeborg var enkje og 45 år gammal. Siste oppsetter ei teljing i 1865. Christopher gifte seg 29 jun 1873 med Elisabeth Bjørnsdtr. Malme f. 8 mai 1844. Eldste barnet til Ole Reiersen er Elen Olsdtr. Ho hadde ein son Syvert med Ole Pedersen Eidem. Syvert gifte seg med Malena Andersedtr. Tornæs i 1857, men lagnaden deira kjenner eg ikkje. Elen Olsdtr. gifte seg 1833 med Peder Pedersen Nøsen. Også deira lagnad litt i myrker for oss.  Dette er resultatet av granskinga mi so langt; men eg vonar meir kjem oss i hende.

Kalender

November 2018
M T O T F L S
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30

facebook